I juli/augustutgåva av Film&Kino fekk monstersauefilmen Black Sheep merksemd. Ein film eg hadde stor glede av under årets Kosmorama-festival her i Trondheim. Forfattaren brukte eit lite utval av referansar som utan å gå på rekning av lesinga for nybyrjarar, heller gav inspirasjon til å sjå filmane. For meg var det først og fremst An American Werewolf in London som stod seg fram.
To unge amerikanarar på ryggsekktur i Europa er på eit tidspunkt på landsbygda i Nord-England, der dei må søke ly frå regnet i ein lokal pub. Dårleg gjestfridom fører til at dei snarast er på landevegen igjen, med ei anbefaling om å halde seg unna myrlandskapet. Dei overser anbefalinga og får smake følgane.
An American Werewolf in London er spennande, sjølv om oppbygginga i sekvensane ofte er føreseielege. Skodespelet blant stjernene er ingenting å skryte av, men heller ingenting å utsette på i ein film som denne. Så lenge dei er lause i kofta og med sjarm så er alt bra. Stivt skodespel er i motsetning ganske slitsamt.
Av mange fine sekvensar er transformasjonen til varulv, kaoset i sentrale London og ikkje minst den elegante og effektive slutten blant mine favorittar. Blant elles mykje god underhaldning.