Eg fekk nyleg ein e-post frå Christian Serritiello, med ein førespurnad om eg ville sjå kortfilmen hans, An Approximation of their Barbarous Manners, og skrive ei filmmelding. E-posten hadde vedlagt litt informasjon, ein filmplakat og ei lenke til å sjå den 12 minuttar lange filmen.
Litt søking avslørte at e-posten og regissøren var ekte, så eg responderte hyggeleg at eg godt kunne sjå filmen og skrive filmmeldinga. Og soleis kom eg hit.
Den gamle Hollywood-filmstjerne Bruce Glover skal vere med i ein film, men forsvinn frå filmsettet i Tangier i Marokko. Dei gjenverande skodespelarane reagerer på ulike måtar, med stress, krisestemning, kompansering med koffein og meir.
Filmen har eit kunstnarisk svartkvittbilde, med untak av eit lite sekund med fargar. Om fargane er med vilje eller ein glipp veit eg ikkje. Eg var i modus til å leite etter meining i det meste, med mitt kritiske syn slått ekstra godt på, men kom ikkje på noko lurt der.
Klypperytmen er hektisk, og den jazza musikken like så. Det går fort for seg på filmsettet. Samtalane kan vere oppstykka, uforståelege eller kryptiske. Alle dei filmatiske grepa er med på å skape ein total som fungerer godt å få fram den urolige stemninga.
Men eg er ikkje spesielt nådig med rangeringa mi, sjølv om både det tekniske fungerer greitt og skodespelarane gjer ein heilt grei jobb, med eit par unntak. Når eg ser ein film så vil eg som oftast bli engasjert. Enten i ei god historie, noko denne filmen ikkje har. Eller i ein ide, noko denne filmen har, men eg ikkje var så interessant i. Så med respekt til regissøren Christian Serritiello, så avsluttar eg med å sei at det – som alltid på Filmdagbok – er mi eiga meining og oppleving som utgjer rangeringa av filmen. Ikkje noko forsøk på ei objektiv vurdering.