Hopp til hovedinnhold
Plakat for An Evening with Kevin Smith 2: Evening Harder (2006)

An Evening with Kevin Smith 2: Evening Harder

Film
4

An Evening with Kevin Smith 2: Evening Harder, er stort sett same opplegget som An Evening with Kevin Smith, berre ikkje samansett av mange ulike framføringar. Her har du ein del frå Toronto og ein del frå London. Kevin Smith gjentar ikkje seg sjølv og held det nesten like bra gåande som i den førre videoen.

Alt i alt er ikkje det så mykje interessant her som i den førre, utan at eg kjem til punktet der eg kjedar meg heller. Det er framleis gøy, og det held seg sikkert bra gjennom den tredje slike samlinga som kjem snart, Kevin Smith: Sold Out.

Oppfølgaren har mindre å by på også for John Charles Thomas på Inside Pulse (insidepulse.com). Han meiner spørsmåla i London gir mindre godt materiale, og at dei meir personlege historiene ikkje får same verdi ved gjensyn som filmhistoriene i den første samlinga. Eg blir heller ikkje like begeistra, men kjedar meg ikkje. Kevin Smith har framleis nok forteljarglede til at den lause samtaleforma held meg med, sjølv utan like mange høgdepunkt.

Kona til Kevin Smith, Jennifer Schwalbach Smith, er blant publikum under Toronto-besøket. Ho har hatt mindre roller i både Clerks II og Jay and Silent Bob Strike Back. Mora til Kevin Smith er til stades i London. Dette gir boksen ein annan dimensjon. Det blir ganske drygt når han bannar og steiker og snakkar så inngåande om intime detaljar frå privatlivet sitt.

Forstå meg ikkje feil, det er ikkje berre tull desse videoane, men tonen er uhøgtideleg.