An Evening with Kevin Smith - Filmdagbok

An Evening with Kevin Smith 2002

An Evening with Kevin Smith kom i 2002 og er sett saman av materiale samla frå fem–seks college som Kevin Smith besøkte, der han i uhøgtideleg tone svarer publikum på seriøse, mindre seriøse og useriøse spørsmål.

Dei som kjenner filmane til Kevin Smith veit at det blir mykje banning og vulgært snakk i nærværet til mannen, og i løpet av denne videoen blir det så absolutt stadfesta. Dette betyr ikkje at det berre er tull med opplegget, han har ein haug med gode, morosame og interessante historier og opplysningar å komme med. Desse tenar på at han ikkje legg lokk på noko som helst i forteljingane sine.

Av nemneverdige bitar som går an å fortelje om ideen rundt er da han i detalj fortel korleis han møtte kona si og hadde sex med ho første gang. Korleis penisen hans under gnikkinga før dei tok av seg kleda blei skrapa opp på innsida av glidelåsen. Men at han likevel gjekk for samleie, sjølv om det etter kvart kjendest som å putte pikken i batterisyre.

Ei anna historie er når han bruker eit kvarter på å fortelja om møtet sitt med artisten Prince som ein av dei sjukaste personane han har møtt.