Hopp til hovedinnhold
Plakat for An Inconvenient Tax (2011)

An Inconvenient Tax

Film
4

An Inconvenient Tax er ein historisk gjennomgang av den amerikanske inntektskatten. Korleis skatten i løpet av dei 100 siste åra har vakse til å bli eit komplisert monster. Korleis skatten gjekk frå å finansiere USA sitt militære til å bli eit politisk verkemiddel og ein måte for staten å drive med mikrostyring på.

Som historisk dokumentar fungerer dette. Det me høyrer om andre skatteformer er interessant. Men då filmen opnar for diskusjon om framtida, eventuelle løysingar og alternativ blir berre eit snevert syn presentert. Her burde filmen dra inn andre politiske syn enn berre det at enklare skatt vil fungere.

Charles Cassady på Video Librarian (videolibrarian.com) er meir nøgd med breidda, og meiner filmen held seg unna det vanlege ordskiftet mellom høgre og venstre. Han finn gjennomgangen livleg og opplysande. Eg synest også historia om korleis skatten har utvikla seg er interessant, men det er ikkje heilt det same som ein open diskusjon om kva som bør erstatte han. Der blir enklare ordningar ståande som eit for snevert svar for meg.