An Inconvenient Truth - Filmdagbok

An Inconvenient Truth 2006

Med Al Gore i spissen har Davis Guggenheim sett saman ein film som følger den tidlegare presidentkandidaten og miljøforkjemparen under eit av miljøforedraga hans.

For å gjere dette meir interessant er det også lagt til litt historie om kvifor Al Gore har blitt ein så intens miljøkjempar og kva han har gjort for å kunne påstå det han gjer i denne dokumentaren.

Dette er gaiaisme og miljøpropaganda, og skil seg lite i forma frå dei faktalause dokumentarane til Michael Moore.