Jennifer Lopez spelar ei kvinne med ei dotter. Ho har fått nok av å bli mishandla av kjærasten sin. Når ho flyktar, så er det berre ein plass ho veit å dra, sjølv om ho nok aldri hadde sett for seg å dra til. Til sin faren til sin avlidne mann, dottera hennar sin bestefar, i Wyoming. Til ein mann med ein ranch og bjørneproblem.
An Unfinished Life er eit drama som består av det eg etter kvart veit å forvente av filmane til Lasse Hallström. Det vil sei idyll, sorg eller død, rørande relasjonar og karakterar som utviklar seg, og litt ubehag. Her er ubehaget i form av den valdelege kjærasten Jennifer Lopez flyktar frå.
For å ta pirket først, så er An Unfinished Life litt røff i kantane, og heng ikkje så elegant saman i tid og rom som eg kunne ønske. Det blivande vennskapen mellom bestefar og barnebarn som aldri har møtt kvarandre før, er den rørande relasjonen. Robert Redford spelar ein smått typisk sint mann gammal mann som du veit har ei god side. Og ukjente Becca Gardner er den kvikke ungen.
An Unfinished Life introduserer ein del element som blir gjort lite ut av, og det er den største svakheita. Personar og relasjonar som det berre blir skrapa i overflata på. Det set litt preg på totalen. Så sjølv om dette er ein fin film med lite å henge seg opp i, og som klarer lengda på nesten to timar utan problem, så manglar dei ekstra dimensjonane til å løfte filmen til eit minneverdig nivå.