
Anchorman: The Legend of Ron Burgundy
Eit gjensyn med Anchorman: The Legend of Ron Burgundy, med Will Ferrell.
Med Will Ferrell i hovudrolla blir det i overkant av Will Ferrell-aktig humor. Han klarar stort sett å lande gode roller, men helst som birolle der han ikkje blir for slitsam. Likevel er Anchorman: The Legend of Ron Burgundy ein av dei betre filmane han gjer, og det blir på den positive sida av kanten for denne gang.
Med meir kjennskap til Steve Carell gjennom The Office er det han som stikk av med dei mest morosame scenene i denne komedien sett til eit oppdikta tv-nyheitssmiljø på 1970-talet. Men alt i alt blir ikkje filmen betre enn middels, han er rett og slett ikkje morosam nok, men blir litt for mykje fyll og tull.
Den meste av humoren låg under middels, og det kan seiast at Will Ferrell ikkje er den mest morosame, på langt nær. Høgdepunktet i filmen var då mannskapet frå fleire ulike nyheitssendingar møtte opp på eit industriområde, og leiarane for dei ulike nyheitsprogramma var Ben Stiller, Vince Vaughn og Luke Wilson.
Det store møtet mellom nyheitslaga er faktisk det Roger Ebert på RogerEbert.com (rogerebert.com) meiner fungerer dårlegast. Han finn filmen best når overdrivingane ligg nærare eit attkjenneleg fjernsynsmiljø. Der går smaken vår i kvar si retning. Eg saknar meir latter gjennom store delar av filmen, men nettopp dette fullstendige brotet med det rimelege blir eit høgdepunkt. Dei kjende ansikta og den reine galskapen fungerer betre for meg enn mykje av småtullet.
Andre kule ting var når Jack Black dukka opp som sint motorsyklist og sparka ein hund utfor eo bru. Og å sjå Danny Trejo som bartender.
Humoren i filmen varierte ein god del, frå ganske morosame scener til scener som var så lite morosame at det var flautt å sjå.
