Hopp til hovedinnhold
Plakat for Andrei Rublev (1966)

Andrei Rublev

Film
3

Eg gjekk til Andrei Rublev utan forkunnskapar. Filmen handlar om den mest kjende ikonmålaren i Russland i mellomalderen, Andrei Rublev (Anatoliy Solonitsyn). Men dette visste eg ikkje på førehand. Eg veit ikkje om det nødvendigvis hadde gjort meg betre rusta til å ta imot det som kom.

Andrei Rublev er ein sovjetisk film frå 1966, regissert av Andrei Tarkovsky. Filmen blir rekna som eit av hans store verk. Det handlar om kunst, tru og uthaldenheit. Det går inn i eit anna hundreår, eit anna språk og er ein heilt annan filmtradisjon.

Den første halvannan timen var tung. Ikkje fordi det ikkje skjer noko, men fordi forma er uvan og læringskurva er bratt. Filmen følger han gjennom ulike periodar i livet, delt inn i kapittel. Det er ikkje nokon forsiktig introduksjon, det er rett på sak. Filmen krev tolmod. Noko eg nok tok på alvor litt for seint.

Språket var ein barriere. Å lese undertekstar går greitt, men måten dei snakka på, var gjerne kryptisk. Gary Naylor på The Sound of The Tooting Trumpet (tootingtrumpet.wordpress.com) skildrar korleis bilde og tema hopar seg opp, og meiner filmen krev at me møter han på halvvegen. Han får langt meir ut av dette enn eg gjorde. Eg sleit med å ta inn både tekstane og det som skjedde i bilda.

Det som snudde det heile var klokkekapittelet. Han er vitne til støypinga av ei klokke. Klokkestøyparen er død, og sonen Boriska (Nikolay Burlyayev) hevdar at han er den einaste som kjenner til det hemmelege handverket til faren. Om klokka vil ringe er spennande. Her kom det narrative brotet eg trong. Eit kapittel med ei tydeleg historie, der eg visste kva som stod på spel.

For hovudpersonen blir støypinga viktig for trua hans. Og det tek oss nærare ei avrunding av filmen.

Andrei Rublev er ikkje ein film eg kan kalle verken bra eller dårleg. Eg brukte for lang tid på å kome inn, og mykje av det som skjer i dei første kapittela er sikkert betre enn eg klarte å få glede av.