Etter å ha sett den skuffande filmen Dune tenkte eg å friske opp kvelden litt med ein enkel, grei komedie. Og Anger Management er akkurat det, han er grei, men ikkje meir. Eigentleg er han mindre enn grei, og til og med Jack Nicholson var ikkje artigare enn middels her.
Handlinga er ikkje så spennande. Dave (Adam Sandler) rotar seg bort i noko bråk på eit fly, og endar opp i ei støttegruppe for folk som blir lett sinte. Men Dave er ein introvert fyr som ikkje brukar å bli sint, og føler seg ganske så frustrert når han blir pressa til å bli med i denne gruppa.
For oss som ser på så er det einaste frustrerande at det ikkje skjer noko spennande eller originalt. Det er frustrerande at filmen går i same retning som alt anna av Hollywood-komedie. Det som reddar filmen litt er slutten, men om eg nemner han så blir resten bortkasta.
Alt i alt vart eg i betre humør av denne etter Dune, men ikkje mykje.