
Annie Hall
Kven kan ikkje like Woody Allen sine filmar med vittige vitsar, intellektuelt ladd dialogar og ei svært god manusskriving som involverer deg i filmen på linje med karakterane?
Annie Hall er eit praktfullt eksempel på kva Woody Allen kan best. Samtidig er det også ein lett og tilgjengeleg romantisk komedie. Lett er frå meg eit kompliment. Ein lett film når fort fram, men kan samtidig ha både gode og seriøse sider.
På Mi Cinefilia Particular (micinefiliaparticular.blogspot.com) blir den lette forma framheva saman med dei kvasse dialogane og brota i kronologien. Omtalen meiner filmen kan vere morosam utan å slutte å ta personane alvorleg. Det er nær det eg meiner med lett som eit kompliment. Woody Allen får plass til mykje uro og sjølvgransking utan at kjærleikshistoria blir utilgjengeleg. At filmen involverer oss så direkte, gjer ikkje dei meir alvorlege sidene mindre interessante.
Eg har hatt Annie Hall ståande lenge i hylla, men kom ikkje i gang med filmen før i dag. Viss du likar Woody Allen, og ikkje har sett filmen, så anbefaler eg lett å sjå han.
