Annihilation - Filmdagbok

Annihilation 2018

Eg forventa filmen til å vere god basert på andre filmmeldingar og handlingsreferat. Eg let meg underhalde av innhaldet, men saknar ei betre historie, noko det verkar som at manusforfattaren har gløymt at det skal vere. Det er litt synd, for konseptet er av så omfattande grad og treng meir forklaring, spesielt når det nærmar seg slutten.

Filmen hadde potensiale til å bli ein god film men handlinga gjekk ut i ingenting. Eg skjønnar at ein film av denne typen ikkje skal bli for tydeleg, men eg krev framleis ei historie som samlar filmen. Det er fint å sjå på, så eg vel å gi filmen poeng for det.