Hopp til hovedinnhold
Plakat for Another Earth (2011)

Another Earth

Film
4

Another Earth er ein tona ned science fiction-sak som mest er eit drama og ein film om romantikk.

Science fiction-saka er at ein identisk jordklote har oppstått og lagt seg ved sidan av vår eiga. All logikk til sides, så opnar det for ein del interessante spørsmål.

Greia med denne andre jordkloten er at det er vår motsetning. Vår hovudrolle Rhoda, spelt av dyktige Brit Marling, har akkurat komme ut av fengsel. Ergo er ho suksessrik på den andre jordkloten.

Å ha denne ideen og bakgrunnshistoria liggande å lure bak heile greia med situasjonen til Rhoda, gir et spesielt løft til ein elles lågmælt sak. Og det fungerer ganske godt.

Daniel Cook Johnson på Film Babble Blog (filmbabble.blogspot.com) meiner filmen kan dra litt ut, men at skodespelet gjer lengten etter eit anna liv truverdig. Han finn eit tankevekkande drama der den andre jordkloten stadig minner oss om det som kunne vore annleis. Det er ei fin skildring av løftet eg får frå ideen. Det store spørsmålet ligg i bakgrunnen og gir den lågmælte historia meir å spele på.