Anything Else - Filmdagbok

Anything Else 2003

I den romantiske komedien Anything Else frå 2003 har Woody Allen overlate hovudrolla til Jason Biggs. Sjølv spelar Woody Allen ein slags venn, mentor og samtalepartner for den unge, nervøse og litt nevrotiske Jason Biggs-karakteren.

Filmen handlar om korleis Jerry Falk (Jason Biggs) lar seg overkøyre av folk rundt seg som manageren sin og kjærasten sin. Kjærasten (Christina Ricci) er ei tiltrekkjande, men fæl dame i Anything Else. Det er utstrålinga hennar og delvis interessene hennar som har fått Jerry til å falle for henne. Men for oss er det klart at ho både er negativ og løgnar, og veldig usunn for Jerry.

Anything Else har sine gode sider. Woody Allen kjenner New York og kan New York på film. Samtalane mellom Jason Biggs og Woody Allen er delt opp og artige, med tilsynelatande tilfeldige anekdotar servert som livskunnskap frå Woody Allen til Jason Biggs. Og Christina Ricci-karakteren som er fæl, er fæl fordi ho blir framstilt så bra som ei dame som utnyttar andre og som ikkje tar vare på seg sjølv. Og ved å ikkje sette seg sjølv og sine langsiktige mål først, utan å gjere ting som går utover andre, kan ho dermed aldri bli lykkeleg. Det kan heller ikkje Jerry Falk, før han lærer seg å bli ein rasjonell egoist.

På grunn av unødvendig tull innimellom, eit labert tempo og litt for mykje dveling på nølinga til Jerry Falk, så blir det ikkje dette den største filmopplevinga. Men over gjennomsnittleg god er filmen.