Hopp til hovedinnhold
Plakat for Anywhere but Here (1999)

Anywhere but Here

Film
3

Susan Sarandon og Natalie Portman er mor og dotter i dramakomedien Anywhere But Here. Dei er i ferd med å flytte frå Wisconsin til Los Angeles i byrjinga av filmen. Det er etter ønska til mora, mens dottera må bli tvinga. Ho ventar mest på å bli gammal nok til å flytte unna mora.

Det er eit tett forhold, men den ville personlegdomen til mora er ein lettare form for ustabilitet. Og ei som dottera ikkje set pris på.

Anywhere But Here er ikkje noko høgdepunkt, men går djupt nok over lenger tid til å gjere eit inntrykk trass i dette. Susan Sarandon er god og ein av dei beste sidene til filmen. Natalie Portman er enten god som rar tenåring, eller ufrivillig og stiv skodespelar, men ho leverer godt nok til at dette berre blir nemnt i forbifarten.

Målet til filmen er reisa i historia som blir gjort, meir enn karakteren til Natalie Portman sin avskjed frå mora. Men eg har vanskeleg for å peike på noko spesielt ved filmen, eller kva eg skal få ut av dette.

Ein liten ting er at dottera til ei viss grad set pris på mora, og mora også slepp taket, men det er ikkje store greiene. Når eg seier at målet til filmen er reisa, så er det ikkje fordi reisa gir all verda, men fordi slutten gav endå mindre.

Ei lengde på nesten to timar med ikkje den beste filmen skulle ha ført til meir kritikk, men lengda er faktisk til fordel for filmen. Som nemnt er det innsikt i karakterane over tid som er ei av styrkane til filmen. Ikkje den store innsikta, men nok til å bli smått interessert.

Marty Mapes på Movie Habit (moviehabit.com) er meir overtydd av både Susan Sarandon og Natalie Portman. Han meiner reaksjonane deira spring ut av personane, framfor å bli styrte av kva handlinga treng. Det er ei fin skildring av det som held interessa mi oppe også. Eg får ikkje noko stort ut av målet for reisa, men tida saman med desse to gir forholdet nok liv til at eg blir verande.

Ein ganske så midt på treet film, med ein ørliten vipp oppover.