I Apache tar Burt Lancaster på seg sminke og blir til apachekrigaren Massai. Filmen fortel historia om denne siste apachekrigaren si reise. Frå han blir teken til fangenskap og vidare. Reisa er målet med filmen, og det er best å styre unna handlingsreferaten i ein sånn type film.
Det er ikkje så vanleg lenger å sjå kvite skodespelarar tre inn i roller med andre hudfargar. Dette gjer at filmen får ein ekstra tydeleg plass som produktet av si tid. Og korleis du eventuelt taklar det er viktig for korleis du opplever ein film som Apache.
Det er mykje som skjer i denne filmen. Han har ei god framdrift heile vegen, og er på sitt vis både eventyrleg og ei rik oppleving. Eg kjenner ikkje til historia om Massai, og heller ikkje mykje til kulturen til apachane. Men eg får tydeleg innblikk i at filmen forsøker å skyte inn sitt om kulturar som kan vere framande for oss i dag, artige samanlikningar med USA på 1950-talet, og respektfulle til historia om Massai. Dette er inntrykket eg får, utan å dykke djupare inn i det.
Utover det så er eigentleg dette akkurat det eg forventa av ein film med Burt Lancaster frå 1950-talet. Det er ein hovudstraumsfilm frå ende til annan, og spelar på romantikk, humor og action på dei rette plassane. Filmen glir inn i eit mellomskifte for min del. Bra nok til å vere ein fin film å sjå, men ikkje så bra at han stikk seg ut i mengda.
Eg skulle gjerne likt å sjå korleis historia om Massai hadde blitt fortalt i ein storfilmproduksjon i 2020.