Jungelaction av Mel Gibson sett til Sør-Amerikas djupe og dyrerike skogar. Ei historie som like gjerne kunne gått føre seg i eit heilt anna miljø, men som altså er med indianarar og i deira område. Ei dramatisk historie om slaveri, grov utnytting og blodig ofring. Også inneheld filmen ein utruleg bra løpesekvens som åleine kunne redda filmen om nødvendig.
For å gjere det klart først som sist, dette er ikkje noko overdrivne kunstnargreier eller ei historisk forteljing om undergangen til eit rike, sjølv om filmen har flotte bilde og nok kjem med ein påstand eller to. Filmen brukar litt for lang tid på å komme skikkeleg i gang, men etter ein time etter dette gløymt. Han klarte iallfall å engasjere meg, utan på nokon måte å gjere meg involvert med mine kjensler. Også så blodig og brutal han er til tider, men likevel ikkje direkte fråstøytande. Fin film!