Hopp til hovedinnhold
Plakat for Argo (2012)

Argo

Film
4

Argo kan godt mogleg vere blant dei beste filmane i 2012. Det kjem av den gode historia, spenninga og rollebesetninga. Det er meir ved filmen som er bra, men desse er mine favorittar.

Historia er passe sprø til å gi filmen eit humoristisk preg. Handlinga blir formidla godt gjennom at dei sprø elementa blir framheva med like stødig hand som spenninga i den dramatiske delen av historia. Dette er eit klassisk grep i store og publikumsvennlege filmar, og fungerer godt når det er gjort rett. Effekten er ein film med ei seriøs historie som ikkje blir for tung.

Rollegalleriet er solid. Dyktige skodespelarar får framføre frå eit godt manus, og Ben Affleck viser nok ein gong at han verkeleg kan regissere. Argo er også at den type film som gjer seg med mange kjente ansikt. Det kan vere på grunn av den nemnde blandinga av spenning og komedie, og at også kjente skodespelarar er med på å lette trykket litt.

Bernie Wong på Bernie’s Basement Blog (berniebasementblog.blogspot.com) trekker særleg fram John Goodman og Alan Arkin som dei to som stel filmen. Han meiner manuset vekslar godt mellom komedie og thriller, slik at det sprø Hollywood-opplegget ikkje tek bort alvoret. Eg likar nettopp denne kombinasjonen. Dei kjende ansikta gjer historia lettare å vere i, samtidig som spenninga får halde taket når det verkeleg gjeld.