Argo kan godt mogleg vere blant dei beste filmane i 2012. Grunnen til dette kan bli oppsummert med følgjande ord: God historie, spenning og rollebesetning. Det er meir ved filmen som er bra, men desse er mine favorittar.
Historia er passe sprø til å gi filmen eit humoristisk preg. Handlinga blir formidla godt gjennom at dei sprø elementa blir framheva med like stødig hand som spenninga i den dramatiske delen av historia. Dette er eit klassisk grep i store og publikumsvennlege filmar, og fungerer godt når det er gjort rett. Effekten er ein film med ei seriøs historie som ikkje blir for tung.
Rollegalleriet er solid. Dyktige skodespelarar får framføre frå eit godt manus, og Ben Affleck viser nok ein gong at han verkeleg kan regissere. Argo er også at den type film som gjer seg med mange kjente ansikt. Det kan vere på grunn av den nemnde blandinga av spenning og komedie, og at også kjente skodespelarar er med på å lette trykket litt.