I Armed and Dangerous spelar John Candy ein oppsagt politimann, og Eugene Levy ein slutta advokat. Deira nye karriere er som sikkerheitsvakter hjå eit selskap som gir dei trøbbel.
Dette er nesten som ein buddy cop-film, berre med sikkerheitsvakter. Ein konspirasjon er på gang, og John Candy og Eugene Levy får snusen i dette og hamnar midt i situasjonen. Det er risikabelt, og dei har ikkje stort anna val enn å legge opp til at skurkane blir tatt på fersken.
Eg har ingen problem med det Armed and Dangerous prøver å gjere, men tykkjer ikkje at filmen lykkast. Litt meir komedie og dette hadde vore bra, i staden blir det ein kjedeleg film som eg rangerer under middels.
I samband med The Pick-up Artist nemnde eg at kriminelle komediar er ein vrien sak å få til rett, og som eg har sett mange av frå 1980-talet. Armed and Dangerous er eit eksempel på ein slik som ikkje fungerer så godt.
Det er for lite vennskap, daterte eller sløve vitsar og eit mindre interessant kriminelt element. Gode karakterar kan drive ei nesten kva som helst slags historie, og når John Candy ikkje trør nok til, og Eugene Levy er endå mindre oppløftande, så blir det tynt til slutt.