
Army of Darkness
Regissert av Sam Raimi, og med Bruce Campbell som helt og hovudrolleinnehavar.
Med alt snakket om Bruce Campbell i det siste, der alt betyr at eg har sett han nemnt i 2–3 samanhengar i løpet av siste veka, gav meg lyst til å sjå ein ekte Bruce Campbell-film. Ein film med han i hovudrolla i. Som rimeleg fersk på område fann eg ut at ein Evil Dead-film ville vere ein god plass å starte. Tidlegare har eg berre sett Bubba Ho-tep med Bruce Campbell i førarsetet, elles har han også dukka opp i ein del episodar av Lois & Clark: The New Adventures of Superman.
Army of Darkness er ein kjempefilm frå ende til annan. Eg hadde aldri trudd det skulle vere så festleg å sjå ein mann med motorsag slakte skjelett, få alle damene og slenge frå seg den eine sprø kommentaren etter den andre. Men dette gav absolutt meirsmak til å sjå filmar av Sam Raimi eller med Bruce Campbell. Sistnemnde er min nye helt.
Det er mykje eg kunne nemnt som er artig, men det gjer seg best i samanhengen ved å så filmen. Referansar til The Day the Earth Stood Still og Gulliver's Travels blir brukt på beste måte.
Skjelettane får sin del av æra på Film Reviews from the Cosmic Catacombs (cosmiccatacombs.blogspot.com). Skribenten meiner små uttrykk og ulike persondrag gjer dei til meir enn ei anonym hær, og at den rykkvise rørsla passar dei godt. Det er ei fin påminning om at gleda ikkje berre kjem frå Bruce Campbell. Heile verda rundt han er med på leiken, slik at sjølv motstanden mot helten blir ein del av den sprø humoren.
