Regissert av Sam Raimi, og med Bruce Campbell som helt og hovudrolleinnehavar.
Med alt snakket om Bruce Campbell i det siste, der alt betyr at eg har sett han nemnt i 2–3 samanhengar i løpet av siste veka, gav meg lyst til å sjå ein ekte Bruce Campbell-film. Ein film med han i hovudrolla i. Som rimeleg fersk på område fann eg ut at ein Evil Dead-film ville vere ein god plass å starte. Tidlegare har eg berre sett Bubba Ho-tep med Bruce Campbell i førarsetet, elles har han også dukka opp i ein del episodar av Lois & Clark: The New Adventures of Superman.
Army of Darkness er ein kjempefilm frå ende til annan, eg hadde aldri trudd det skulle vere så festleg å sjå ein mann med motorsag slakte ned skjelett, få alle damene og slenge frå seg den eine sprø kommentaren etter det andre. Men dette gav absolutt meirsmak til å sjå filmar av Sam Raimi eller med Bruce Campbell. Sistnemnte er min nye helt.
Det er mykje eg kunne nemnt som er artig, men det gjer seg best i samanhengen ved å så filmen. Referansar til The Day the Earth Stood Still og Gulliver's Travels blir brukt på beste måte.