Army of the Dead - Filmdagbok

Army of the Dead 2021

Army of the Dead er nyaste tilskot i rekka av Dead-filmar. Ein filmserie som byrja med George A. Romero, men har vore innom fleire andre regissørar opp gjennom åra. Dette er den andre til Zack Snyder.

Ideen bak historien er artig. Zombiar har teke over Las Vegas og byen har blitt stengt av. Ein hardbarka gjeng skal ta seg inn og bryte opp eit hvelv, men har tiden i mot seg då nedteljinga mot å sleppe eit atombombe over byen har starta.

Eg tykte at filmen trass i lengda hadde ein god flyt. Noko unødvendig lang er han, men i hovudtrekk så var det underhaldande heile vegen for min del. Det var ikkje noko å roppe hurra for, men filmen er krydra med komiske innslag her og der som hevar det.

Framstillinga av zombiar i filmar er som natt og dag. Valet her har falt på ei blanding av intelligente og dumme. Det betyr eigentleg ikkje så mykje, for ein av svakheitane til Army of the Dead er at han ikkje gjer seg særleg nytte av eigenskapane til ein zombie for å skape god film. Men sånn elles foretrekk eg dumme zombiar og meir fokus på menneskeskapte konfliktar under press.

Filmen er litt for flat. Det er ikkje stort å sette ekstra pris på, eller hate. Historien er verken god eller dårleg. Det luktar gjennomsnittleg filmlaging heile vegen. Men ideen bak og litt humor innimellom trekk han ørlite opp.