Dette var så mykje meir enn eg hadde håpt og trudd på. Terry Zwigoff og Daniel Clowes har nok eingong gjort eit framifrå samarbeid som ikkje kan skildrast med ord. Her er det snakk om å viser til bilder.
Viss du har vore borti nokon av teikneseriane av Daniel Clowes, så vil stilen i denne filmen vere godt gjenkjenneleg. Terry Zwigoff har klart å overføre teikningane og karakterane som Daniel Clowes har gjort til sitt uttrykk i teikneseriar som Ghost World, David Boring og Ice Haven, for å ta det eg har lese. Rett nok er denne filmen basert på ei heilt annan historie, tidlegare publisert i bladet Eightball.
For å ta utgangspunkt i Ghost World, så har Art School Confidential på same måte klart å få fram eit hav av detaljar, meir eller mindre skjulte i tillegg til godt tydelege referansar til populærkulturelle eller klassiske verk. I dei ulike filmtrailerane til filmen var det proppa inn med godsaker, men dette har på ingen måte tatt det beste frå filmen, berre gitt ein ørliten smakebit av kva som ventar, akkurat som det er meint å gjere.
Det er ikkje til å bli forveksla med ein hyllest til Daniel Clowes eller inspirasjonskjeldene til Terry Zwigoff, dette er på langt nær ei opplisting av ting du må få med seg. Vel, noko er, men poenget er at det heller er ein av dei detaljane som gjer filmen så komplett som den er.
I tillegg til den kriminelle biten som er det vesle senteret av filmen, er det her tatt i bruk enkle grep som forelsking, sjalusi, å streve etter godkjenning, drama og komedie om kvarandre. Eg er i tvil om i kva grad andre vil finne denne filmen så hysterisk morosam til tider, og nærast tåredryppande til andre, som meg. Men eg gjorde alt i frå å knyte nevane i sinne til å svelge tungt eller riste av latter.
Eit par småting som gjorde filmen for meg var den vesle kafeeigarrolla til Steve Buscemi, den strukturelt realistiske framstillinga av korleis eit universitetet fungerer og den grunne ærlegdomen bak alt det karikerte og oppblåste. På ein positiv måte sjølvsagt, eg har ingenting vondt å sei om denne filmen. Dette bør bli sett på som ein subjektiv tekst med tanke på interessa mi for arbeidet til Daniel Clowes.
Det er ingen problem for meg å rangere filmen denne gongen.