Som tittelen til filmen viser til, er dette ein festleg film som handlar om jul. Og han tek ei unik tilnærming til konseptet julenisse og det og gi gåver. Som militære opererer alvane som soldatar under leiing av julenissen, dette for trygt å levere gåver utan å bli oppdaga. Hemmeleghaldet er likevel truga når eit barn vert sakna, og kaos går laus.
Animasjonen er søt og fargane passar til tonen i filmen. Karakterane er likevel for trygge og kjente, og stereotypiske trekk blir brukt for mykje.
Arbeidet med stemmer er ganske bra. Eg kunne ikkje fortelja at det var James McAvoy som snakka, og eg trur han har endra stemma mykje for å passe seg til karakteren sin. Nokon av stemmene til alvane er litt for pipete for min smak, men dei samsvarer heilt sikkert til storleiken på dei figurane deira.
Når det gjeld historia, er det ikkje noko å utsetje på ho. Ideen om å ha ei historie sentrert på sonen til julenissen bidreg til å gje eit nytt perspektiv på ting. Men eg fekk ikkje sansen for måten julenissen blir framstilt på.
Totalt sett er det ein morosam film å sjå på, men han kjem ikkje til å bli sett igjen rundt juletider i åra som kjem.