Hopp til hovedinnhold
Plakat for Aruitemo aruitemo (2008)

Aruitemo aruitemo

Film
4

Under filmfestivalen Film frå Sør var den japanske regissøren Hirokazu Koreeda på noregsbesøk og tok også ein tur til Trondheim. Trass i at hans Dare mo shiranai var i tyngste laget for meg, tok eg turen for å sjå Aruitemo aruitemo, også kjent som Still Walking.

Denne var derimot det stikk motsette, nemleg eit hyggeleg og koseleg familiedrama, sjølv med det triste bakteppe for handlinga. Eg let meg ikkje så reint lite fascinere av magien i ei enkel familiesamling. Hirokazu Koreeda, som har brukt mor si som inspirasjon til mora i filmen, har treft med lengde, stemning og karakterane. Resultatet er ein film du må sjå.

Dei vanlege gjeremåla er også ein stor del av gleda for Roy Stafford på The Global Film Book Blog (globalfilmbook.wordpress.com). Han trekker fram matlaginga og den samansette mora, og meiner filmen held interessa fast utan store dramatiske opptrinn. Det er ei fin skildring av magien eg finn i samlinga. Me får tid til å vere saman med familien, og dei små møta ber både varmen og det triste bakteppet.