Hopp til hovedinnhold
Plakat for As Good as It Gets (1997)

As Good as It Gets

Film
5

Jack Nicholson, ein film med denne karen er bra nok grunn til at kven som helst kan sjå han.

Vidare er dette ein film om karakteren til Jack Nicholson, ein gammal, einsam misantrop av ein forfattar med mange rare hygieniske, overtruiske og psykiske problem. Eventuell romantikk kjem ikkje før i andre eller tredje rekke, då dette er komedie om ein periode i livet til Melvin, misantropen, då ting forandrar seg for han. Dette skjer gradvis samtidig som As Good as It Gets heile vegen klarer å behalde det som gjer Melvin til ein interessant karakter.

Det er vanskeleg å finne ei meir spesifikk skildring av denne filmen. Han er spiss, tilbyr mengder av god latter, utruleg bra dialog, godt skodespel, fint driv. Det er så og sei ein topp film som også får fram ei lita tåre her og der, må eg innrømme. Ei varm anbefaling. Jack Nicholson er i toppklasse.

Det er pausane og det Jack Nicholson ikkje får sagt, som imponerer på The Ace Black Movie Blog (theaceblackblog.com). Skribenten ser eit blikk som vil nærme seg andre, medan munnen stadig skyv dei unna, og meiner Helen Hunt gir han likeverdig motstand. Det fangar mykje av det som gjer Melvin interessant for meg. Dei gode replikkane er morosame, men endringane får kraft fordi det også finst noko bak dei som han strevar med å vise.