
Ascenseur pour l'échafaud
I den franske filmen følger me ei rekke hendingar som spelar ut seg frå eit mord. Vår mann Julien (Maurice Ronet) utfører eit godt planlagt mord, men noko lite han gløymer set i gang ein kjedereaksjon.
Mens han sjølv blir sittande fast i ein heis, blir hans bil, pistol og ytterklede stolne og knytt til andre kriminelle handlingar.
Det var først og fremst at Miles Davis har lydsporet til Ascenseur pour l'échafaud som fekk meg til å sjå han. Men eg kom til å sette pris på den godt samanhengande filmen på fleire vis. Tilfeldigheiter, flaks, uflaks og hendingar som er nære på gir god spenning. Det er heile tida ei hårsbreidd mellom utfallet og andre moglege utfall.
Ein liten glipp er nok til å velte den beste planen. Jake Cole på Not Just Movies (armchairc.blogspot.com) legg vekt på den mørke ironien i korleis hendingane grip inn i kvarandre. Han trekker òg fram Miles Davis sin melankolske musikk til Jeanne Moreau si vandring gjennom Paris. Det er ei fin påminning om at filmen både har eit snedig maskineri og ei stemning som er meir enn berre spenning.
Motivasjonen bak enkelte delar går meg hus forbi, men sett bort frå nokon rare detaljar så er dette stort sett godt både i saumane og heilskapleg.
Filmen heiter Elevator to the Gallows på engelsk.
