I den franske filmen følger me ei rekke hendingar som spelar ut seg frå eit mord. Vår mann Julien (Maurice Ronet) utfører eit godt planlagt mord, men noko lite han gløymer set i gang ein kjedereaksjon.
Mens han sjølv blir sittande fast i ein heis, blir hans bil, pistol og ytterklede stolne og knytt til andre kriminelle handlingar.
Det var først og fremst at Miles Davis har lydsporet til Ascenseur pour l'échafaud som fekk meg til å sjå han. Men eg kom til å sette pris på den godt samanhengande filmen på fleire vis. Tilfeldigheiter, flaks, uflaks og hendingar som er nære på gir god spenning. Det er heile tida ei hårsbreidd mellom utfallet og andre moglege utfall.
Motivasjonen bak enkelte deler går meg hus forbi, men sett bort frå nokon rare detaljar så er dette stort sett godt både i saumane og heilskapleg.
Filmen heiter Elevator to the Gallows på engelsk.