Hopp til hovedinnhold
Plakat for Askeladden - I Dovregubbens hall (2017)

Askeladden - I Dovregubbens hall

Film
4

Eg hadde ikkje dei store forventingane til Askeladden - I Dovregubbens hall. Og eg enda opp med å bli gledeleg overraska over det høge nivået filmen held.

Eventyrkunnskapen min er berre delvis på plass, då det har gått mange år sidan eg høyrte eventyra om Askeladden. Men det var mykje som eg kom på att når eg såg denne filmen. Sjølv om eg ikkje har evne til å ta filmen på kva som er henta frå eit eventyr, eller fleire.

Det betydde ikkje noko for dette som ein film som står på eigne bein. Dette er stemningsfullt, morosamt og engasjerande. Det er lenge sidan sist ein eventyrleg film traff så godt som denne.

Musikken er ypparleg, bilde- og lydkvalitet er topp. Filmen er flust av spennande detaljar og har ein god flyt. Skodespelarane er topp. Det er fint lite å sette fingeren på.

Tore Andre Øyås får ei langt mindre heilskapleg oppleving på Filmkikk (filmkikk.no). Han likar at blandinga av eventyr gjer det vanskeleg å vite kva som ventar, men meiner klippinga og dei enkle karakterane svekker magien. Eg opplever både flyten og rollene som betre enn han gjer. Det interessante er at den same blandinga som han berre delvis blir fanga av, er noko av det som held meg engasjert.