
Atlas Shrugged: Part II
Denne oppfølgaren til Atlas Shrugged: Part I har nye skodespelarar i alle rollane. Det forandrar tonen i filmen drastisk, ettersom alle verkar 10–20 år eldre.
Stor bruk av synlege spesialeffektar av lågt kaliber gir filmen eit billeg preg. Det som reddar filmen er formidlinga av den klare bodskapen. Sjølv om han fomlar med forteljinga så uttrykker han i det minste gode poeng.
Jesse Hoheisel er strengare med heilskapen på Film Geek Central (filmgeekcentral.wordpress.com). Han meiner filmen manglar energi og stil, og at dei nye skodespelarane gjer det vanskelegare å kjenne att personane frå første del. Eg deler inntrykket av ei haltande filmforteljing, men finn meir å hente i bodskapen. For meg er det framleis noko der som veg opp for delar av den svake gjennomføringa.
Atlas Shrugged: Part II handlar overraskande nok ikkje om nokon streik. Filmen har verken ein start eller slutt som del to av tre filmar. Men eg vil likevel ikkje avskrive han. Kan anbefalast for spesielt interesserte.
