Atlas Shrugged: Part II - Filmdagbok

Atlas Shrugged: Part II 2012

Denne oppfølgjaren til Atlas Shrugged: Part I har nye skodespelarar i alle rollane. Det forandrar tonen i filmen drastisk, ettersom alle verkar 10–20 år eldre.

Stor bruk av synlege spesialeffektar av lågt kaliber gir filmen eit billeg preg. Det som reddar filmen er formidlinga av den klare bodskapen. Sjølv om han fomlar med forteljinga så uttrykker han i det minste gode poeng.

Atlas Shrugged II: The Strike handlar overraskande nok ikkje om nokon streik. Filmen har verken ein start eller slutt som del to av tre filmar. Men eg vil likevel ikkje avskrive han. Kan anbefalast for spesielt interesserte.