Aurora Borealis er eit rett fram sentimentalt romantisk drama som med sitt overhengande triste preg siktar mot kjenslene til sjåaren.
I hovudrolla som delvis mislykka 25-åring busett i Minneapolis har me Joshua Jackson, som etter seks sesongar med Dawson's Creek har satsa på film. Fyren er ikkje den beste skodespelaren, men går godt inn i rolla her. Dei som har sett Dawson's Creek vil kjenne igjen rollefiguren med ein gong. For dei som ikkje har, så er Duncan som er spelt av Joshua Jackson ein halvveges useriøs fyr med stort hjarte.
Donald Sutherland er filmen sitt sterke ess. I rolla som den Parkinsons-ramma og delvis demente bestefaren til Duncan briljerer han, og serverer sterke og ekte scener om korleis det faktisk er å bli gammal.
Sjølve historia er ingenting å hoppe i taket for når det kjem til originalitet. Forventningane til det var ikkje til stades heller, så lenge det var eit godt og kjensleladd drama så traff eg rett med valet. Aurora Borealis når ikkje toppen i kategorien sin, sant må seiast, men kjem greit nok ut av det.
Til slutt må eg berre åtvare dei som vil unngå ein film med mange klisjear. Hher er det nok av dei. Men alt slikt i ein film, når du forventar det, kan gjere nytten i blant.