Ei einsleg amerikansk dame i 30-åra reiser til ein Jane Austen-temapark for å finne draumemannen. Ho er oppslukt av tolkinga til Colin Firth av Mr. Darcy frå BBC-adapsjonen av Pride and Prejudice, og dette er ein øydeleggande faktor i hennar kjærleiksliv, eller mangelen på eit.
Austenland er ei parkoppleving som svir i lommeboka, og der få kundar blir varta opp og får opplevd livet som i ei Jane Austen-bok, med skodespelarar som driv parken. Og Jane (Keri Russell) brukar opp sparepengane på turen.
Austenland er ein romantisk komedie, og det er opplagt at Jane vil møte ein eller fleire potensielle gentlemen. Kven som er den rette er vanskeleg å sei, då alle på eit vis spelar ei rolle i temaparken. Jane får også eit mindre glamorøst opphald ettersom ho ikkje har kjøpt premium-pakken.
Eg har sansen for Jane Austen, eller meir rett adapsjonar av hennar arbeid. Austenland er ingen adapsjon, og lev heller ikkje opp til sitt forbilde, sjølv om oppbygginga av historia til filmen er inspirert av ein typisk Jane Austen-roman. Men elles er det ein heilt grei romantisk komedie, med grei framdrift, små vitsar, eit par uventa og venta vendingar som krydrar det heile.