
Autumn Dreams
Dottera til ein bonde, og ein sesongarbeidar som hjelper til på garden der ho bur, stikk unna for å gifte seg i skjul. Dei er unge begge to. Men faren hennar får straks nyss om dette, og meiner dei er for unge, og krev at ekteskapet blir annullert.
Femten år seinare lev desse på kvar sin kant, og har ikkje sett noko til kvarandre sidan dei blei skilt. Men no vil skjebnen ha det til at dei skal møtast igjen. Ho er ein høgt utdanna kjemikar og bonde på fulltid, mens han er ein vellykka børsmeklar i New York.
Autumn Dreams er ein koseleg film, om enn like føreseieleg som det meste av filmane til Hallmark. Han er enkel og noko overflatisk, men stikk ørlite djupare enn mange andre Hallmark-filmar. Eit inntrykk eg har sakna i nokon andre Hallmark-filmar er friksjon. Nokon av historiene har ein tendens til å gå sin gang utan at noko står på spel. Autumn Dreams er betre enn fleire her, sjølv om også denne har litt å gå på for å nå toppen han også.
Erin Kelly på Coffee & Wine Book Blog (coffeeandwinebookblog.com) finn også historia føreseieleg utan at ho blir kjedeleg. Ho rosar både hovudparet og birollene, og meiner at filmen er mindre konstruert enn fleire andre i sjangeren. Det passar med inntrykket mitt av at noko faktisk står på spel her. Dei enkle rammene treng ikkje vere eit problem når det er nok friksjon til å halde interessa oppe.
Det er ein kurant film som er akkurat passe lang, og stort sett klarar å halde interessa frå start til slutt. Noko meir blir ikkje forventa.
