
Awakenings
Awakenings har ei historie som er basert på verkelege hendingar. Han følger ein lege som nektar å gi opp, sjølv når alt ser ut som det ikkje fører nokon stad. Robin Williams spelar ein karakter som er litt folkesky, men samstundes har mykje empati. Medan Robert De Niro gir ei rørande skildring av eit liv som vaknar til, om enn for ei kort stund.
Filmen handlar ikkje berre om medisinske mirakel, men om håp, verdigheit og dei små augneblinkane som betyr alt. Ei sterk oppleving som eg kjem til å hugse.
Dei små gledene står òg sentralt på The Official Movie Blog of Benn Farrell (wheresthehumanity.wordpress.com). Farrell meiner karakterane gjer det velkjende bodskapet om å gripe dagen friskt igjen, og rosar Robin Williams si dempa rolle og Robert De Niro si skildring av tilbakefallet. Det er ein god forklaring på kvifor filmen treff. Verdien ligg i livet dei får oppleve, sjølv når tida er kort.
