Hopp til hovedinnhold
Plakat for Away and Back (2015)

Away and Back

Film
3

Denne Hallmark-filmen har stjernene Jason Lee og Minka Kelly i sentrale rollar. Jason Lee som ein enkemann og trebarnsfar, som gjer sitt beste og for så vidt ein god jobb i å syte for fornuftige ungar. Minka Kelly som ein person med kunnskap om fuglar.

Historia handlar om svanar som slår seg ned i eit vatn på eigedommen til far og barn. Den eine svana legg egg før ho døyr. Parallellane mellom situasjonen til svanene og menneska er tydeleg og framhevar tragedien i denne elles passe artige og delvis romantiske saka.

Eg har tidlegare erfart at Hallmark-filmar ikkje har så mykje emosjonelt futt som eg forventa og håpa, men Away and Back har dette. Det er rørande og engasjerande, og leverer stort sett godt. Eg har sansen for skodespelarane og synest dei gjer ein god jobb. Nyskapande er det ikkje, men ved å ha eit lågare ambisjonsnivå og vere meir målretta enn eit drama for kino, så fungerer det.

Rissi JC på Rissi Writes (rissiwrites.com) er meir atterhalden, men likar den avslappa kjemien mellom Jason Lee og Minka Kelly. Ho finn dei beste stundene i siste halvdel og blir meir interessert i familien enn i fuglane. Eg får meir ut av heilskapen enn ho gjer, men er samd i at menneska er avgjerande. Det er samspelet deira som gjer det enkle og velkjende opplegget rørande.