Away and Back - Filmdagbok

Away and Back 2015

Denne Hallmark-filmen har stjernene Jason Lee og Minka Kelly i sentrale rollar. Jason Lee som ein enkemann og trebarnsfar, som gjer sitt beste og for så vidt ein god jobb i å syte for fornuftige ungar. Minka Kelly som ein person med kunnskap om fuglar.

Historia handlar om svanar som slår seg ned i eit vatn på eigedommen til far og barn. Den eine svana legg egg før ho døyr. Parallellane mellom situasjonen til svanene og menneska er tydeleg og framhevar tragedien i denne elles passe artige og delvis romantiske saka.

Eg har tidlegare erfart at Hallmark-filmar ikkje har så mykje emosjonelt futt som eg forventa og håpa, men Away and Back har dette. Det er rørande og engasjerande, og leverer stort sett godt. Eg har sansen for skodespelarane og synst dei gjer ein god jobb. Nyskapande er det ikkje, men ved å ha eit lågare ambisjonsnivå og vere meir målretta enn eit drama for kino, så fungerer det.