Awesome; I Fuckin' Shot That! består av ein herleg konsert, og fleire andre kortare filmar og innslag.
Dette er ein av dei beste konsertane eg har sett. I tillegg til at Beastie Boys gjer eit godt show gjer det faktum at konserten og ting som skjer undervegs har blitt tatt opp med 50 handhalde kamera, pluss overvakingskamera og nokon profesjonelle her og der, at eg får kjensla av å vere tilstades.
Eit surround sound-lydspor gir god lyd både framme og bak, og gir den bootleg-aktige videokvaliteten eit dytt mot det betre. Klipperytmen er hyppig, men ikkje slitsam. Effektane er enkle, og like dei som ofte er brukt i musikkvideoane til Beastie Boys. Musikken er ingenting å utsette på, eg er stor fan av Beastie Boys.
For alle andre kan dette også vere ein god konsertfilm. Originalt opplegg iallfall, eg føler eg har lyst å sjå han igjen veldig snart. Blir anbefalt.
Utgjevinga av konsertfilmen består også av ein heil del kortare innslag, deriblant A Day In the Life of Nathanial Hörnblowér. Andre innslag er:
Show Intros: Samling med introduksjonsvideoar som sikkert nok er brukt på storskjerm før eller under konsertane. Og eit opptak frå Australia som er dårleg morosam.
Never Stop Rapping Yet: Ord frå fans frå heile verda, samt frå Beastie Boys og deira crew, utkledd som fans eller som seg sjølv. Ei god samling med originale personar, men i seg sjølv ein passe meiningslaus sak. Jack Black dukkar opp her, og det er artig. Meiningslaust, men likevel bra.
Enter Jerome Crooks' Angry World: Tour manageren til Beastie Boys er sur, irritert, engasjert, whatever. Fin samansetting av episodar.
Shazam! Melee: Ulike versjonar av songen frå To the 5 Boroughs-albumet.
BBQ Cook-Off pilotepisode: Denne er for skikkelege fans. Sjølv hoppa eg over denne 26 minuttar lange etterlikning av ein pilotepisode for ein serie om grilling.