
Azumi
Basert på ein manga blir Azumi omtala som ein live action-film, som i motsetning til anime og animasjon er eit resultat av kjøt og blod. Om du ser filmen utan å ha lese, eller i heile tatt høyrt om mangaen, kan dette likevel bli gjenkjent i dei ulike karakterane som dukkar opp i løpet av filmen.
Sjølv har eg lese blant anna Naruto og Ranma ½, og kjenner igjen både den fargerike og forventa klesstilen, dei vidt ulike hårfrisyrane som skal gjere personane unike og den ekstra bruken av sminke i enkelte tilfelle. Rollefiguren Bijomaru er eit eksempel på ein type person som går igjen. Han har kvite klede, kvit sminke og ei raud rose i handa under slåstkampane, og han er sprø som berre juling og har talent for å drepe.
Azumi er fin som ein episk sverdfilm, men lid litt under unødvendig bruk av spesialeffektar som uklart bilde og middels dataanimering, lagt på i ettertid. Det blir som med ein god bil, det kjennest bra å køyre, går knirkefritt, men innimellom er det litt for mykje synleg plastikk.
Effektane er også hovudinnvendinga på Screens of Fire (screensoffire.blogspot.com). Skribenten meiner problemet først og fremst er at dei bryt flyten i kampane, medan den reine koreografien fungerer betre. Det er ei presis utdjuping av plastikkjensla eg nemner. Når fektinga og dei særprega figurane alt gir filmen så mykje energi, blir dei digitale tillegga noko som dreg meg ut av opplevinga, framfor å gjere henne sterkare.
Elles har eg ingenting å utsette på Azumi, det er mange flotte fektescener, interessante rolletolkingar, og gjer seg stort sett godt på det område det er meint. Og filmplakaten er utruleg stilig.
