Basert på ein manga blir Azumi omtala som ein live action-film, som i motsetning til anime og animasjon er eit resultat av kjøt og blod. Om du ser filmen utan å ha lese, eller i heile tatt høyrt om mangaen, kan dette likevel bli gjenkjent i dei ulike karakterane som dukkar opp i løpet av filmen.
Sjølv har eg lese blant anna Naruto og Ranma ½, og kjenner igjen både den fargerike og forventa klesstilen, dei vidt ulike hårfrisyrane som skal gjere personane unike og den ekstra bruken av sminke i enkelte tilfelle. Rollefiguren Bijomaru er eit eksempel på ein type person som går igjen. Han har kvite klede, kvit sminke og ei raud rose i handa under slåstkampane, og han er sprø som berre juling og har talent for å drepe.
Azumi er fin som ein episk sverdfilm, men lid litt under unødvendig bruk av spesialeffektar som uklart bilde og middels dataanimering, lagt på i ettertid. Det blir som med ein god bil, det kjennest bra å køyre, går knirkefritt, men innimellom er det litt for mykje synleg plastikk.
Elles har eg ingenting å utsette på Azumi, det er mange flotte fektescener, interessante rolletolkingar, og gjer seg stort sett godt på det område det er meint. Og filmplakaten er utruleg stilig.