Bachelorette - Filmdagbok

Bachelorette 2012

Det tok ei god stund før den rølpete sida av Bachelorette blei sett til side til fordel for ein kjekkare og varmare form for humor. Når det skjedde likte eg filmen godt, trass i at han lenge gjorde lite til ingenting for å holde meg interessert.

Eg har gått lei av denne type komedie. Med det meiner eg filmar som går føre seg natta i forkant av noko viktig, der idiotiske greier som å øydelegga ein brurekjole er ein sentral del av handlinga. Der fylla har gjort at ein gjeng folk må gå i sine fotspor for å løyse eit problem dagen etter, og så vidare. Det er mange variantar av nesten same film, og eg er lei dei fleste. Bachelorette er lenge ein sånn film.

Det er ikkje det rølpete ved filmen som er problemet, det er at det blir formidla på ein uinteressant måte. Minus karakteren til Kirsten Dunst, som er smått interessant. Rølp kan vere artig. Festfilmen Project X tok helt av og er ein av mine favorittar der. Men i Bachelorette er det dramaet, eit snev av romantikk, og komedien etter ting har roa seg ned som er god. Det vil i grunn sei konklusjonen av filmen, toppen den siste halvtimen. Då kjem dei gode sidene til enkelte karakterar fram, og ei menneskeleg side er også ein av tinga som mangla tidlegare i filmen.

Det er vrient å komme med ein klar konklusjon til ein sånn type film. Ein som lenge er toppen heilt grei, men er god på slutten. For siste inntrykket blir sittande. Men eg tenker at det er betre enn ein film som byrjar bra, og blir dårleg mot slutten. Om det skulle vere eit val. Og med dette så karrar Bachelorette seg akkurat over middels på skalaen.