Om det er eg som har problem med å køyre surround-lyd eller om lydsporet på versjonen av filmen eg hadde fått lånt meg var på trynet, står eg i tvil om. Det som kan slåast fast er at det gjorde filmsjåinga passe frustrerande.
Bubby er ein 35 år gammal fyr som har budd innestengt i ein kjellar heile livet sitt, blitt misbrukt av mora og ikkje har hatt sjansen til å utvikle seg som bør. Så fører omstenda, og nokon meter med plastfolie, til at vår tilbakeståande antihelt kjem seg ut i fri luft. Der prøver han på sin måte i tilpasse seg, og mange tilfeldige hendingar dannar ei rar historie.
Helt i frå starten av mislikte eg filmen, han er ganske dryg på både dyremishandling og generell mishandling, og er elles berre forstyrrande og ekkel. Det gjekk likevel til at eg heldt frem å sjå, og når eg så var komme over halvveges etter det som verka å vere evigheiter, følte eg at eg måtte sjå resten og.
No i ettertid angrar eg, for eg fekk veldig lite ut av det, berre tre ting faktisk: To vel så gode musikalske innslag og eit erotisk musikalsk innslag med ei pen Frelsesarmeen-dame involvert.
Når det skal vere sagt så har eg likevel ingen grunn til å anbefale dette på nokon måte. Trass i kultstatusen er Bad Boy Bubby ein av dei filmane som ikkje gir meg noko, og da hjelp det heller ikkje med fleire filmprisar i ryggen.