Hopp til hovedinnhold
Plakat for Bad Education (2019)

Bad Education

Film
3

Bad Education er ein film frå HBO om eit stort underslag som blei gjort i det amerikanske skulesystemet.

Det er ein god film med gode skodespelarar, og ei solid historie som gradvis brettar seg ut i løpet av dei 110 minuttane filmen varer.

Mark Pritchard på Too Beautiful (toobeautiful.substack.com) legg særleg vekt på korleis filmen gradvis endrar blikket vårt på skulesjefen. Ein mann me først kan heie på, blir meir og meir problematisk utan å miste all sympatien vår. Det utdjupar det gode skodespelet og den solide oppbygginga. Filmen får underhaldninga ut av å vise korleis ein tillitvekkande fasade kan halde mykje skjult.

Dei store overraskinga uteblir. Og det mest interessante her er nok å tenke seg til kva som skjedde på ekte, og kor forskjellig det er frå filmen. For Bad Education har i stor grad fått eit lett og underhaldande preg, med humor som eit viktig verkemiddel.

Eg kan fint anbefale Bad Education som ein passe god film på ein laurdagskveld.