Bad Education - Filmdagbok

Bad Education 2019

Bad Education er ein film frå HBO om eit stort underslag som blei gjort i det amerikanske skulesystemet.

Det er ein god film med gode skodespelarar, og ei solid historie som gradvis brettar seg ut i løpet av dei 110 minuttane filmen varer.

Dei store overraskinga uteblir. Og det mest interessante her er nok å tenke seg til kva som skjedde på ekte, og kor forskjellig det er frå filmen. For Bad Education har i stor grad fått eit lett og underhaldande preg, med humor som eit viktig verkemiddel.

Eg kan fint anbefale Bad Education som ein passe god film på ein laurdagskveld.