Hopp til hovedinnhold
Plakat for Bad Taste (1987)

Bad Taste

Film
3

For mange år sidan prøvde eg å sjå denne filmen, men eg måtte gi opp etter få minuttar. Det vart for mykje blod og innvolar.

I dag er det ingen grense for blod og innvolar på film. Over dei siste åtte åra har eg hatt ei aukande interesse for zombiefilmar, romvesen og slikt. Og med det har terskelen blir mindre.

Alt dette bygger opp til poenget mitt, som er at Bad Taste er ekstremt smaklaus, men så mykje moro. Til eit visst punkt i filmen, der det manglar djupne og så vidare.

Den tynne historia er knapt noko problem på Acid Horrors (acidburnshorrorshow.wordpress.com). Skribenten finn gleda i dei overdrivne dødsfalla, dei enkle effektane og entusiasmen som lyser gjennom filmen. Eg skjønar godt den begeistringa. Men for meg kjem det eit punkt der sjølv oppfinnsame mengder blod ikkje er nok til å halde interessa oppe.