Jay Duplass og Mark Duplass er snart aktuell med komedien Cyrus, med Jonah Hill, John C. Reilly og Marisa Tomei. Og sjølv om dei insisterer på å ikkje selje seg til storfilmane, er forskjellen stor til B-lista i Baghead.
Så mens eg ventar på Cyrus, gjekk eg inn for å sjå meg opp på dei tidlegare filmane til Jay Duplass og Mark Duplass. Baghead som er den andre av dei to langfilmane dei har laga før 2010, handlar om ein vennegjeng som skal på hyttetur for å skrive filmmanus i lag. Filmen går mellom å vere komedie, grøssar, drama og romantikk ofte nok til at eg aldri heilt slår meg til ro med det eine eller det andre. Dette kan forvirre nokon, men for dei som vel å sette pris på det, er filmen udefinerbar og open nok heile vegen til at du kan bli overraska av tilsynelatande enkle vriar.
Handhelde kamera og minimalt med stemningsbyggande musikk gir assosiasjonar til amatørfilm med låg kostnad. No verken kosta eller tente Baghead inn store summar ved si avgrensa kinolansering, men filmen får like fullt fram ei interessant og underhaldande handling. Skodespelet er ikkje i verdsklasse, men det manglar verken på kjemi eller kjensler, og det går godt i lag med filmen som heilskap.
Eg visste ikkje kva eg skulle forvente av Baghead, men får meir enn eg hadde rekna med. Det er ikkje ein film i verdsklasse, men likevel ein solid sak med amatørpreg og ei god blandinga av sjangrar.