
Bakemono no Ko
Bakemono no Ko, engelsk tittel The Boy and the Beast fortel historia om ein ung gut som finn ein portal til ei verd der dyreliknande skapningar lev. Her møter han bjørnen Kumatetsu som tek han som sin lærling.
Filmen viser korleis Kyuta og Kumatetsu utviklar eit mentor- og læringforhold, og lærer av kvarandre. Verda me ser i denne animerte filmen er full av detaljar og naturtru animasjon.
Filmen byrjar med at me blir introdusert til verda til dyra, samt ei rekke karakterar me skal bli meir kjent med. Forteljarstilen følger eit kjent mønster som viser lærar og elev. Både Kyuta og Kumatetsu må overkomme eigne begrensningar.
Lærar og elev er òg ein slags familie her. Omtalen på Doki Doki Kusoge (dokidokikusoge.wordpress.com) les Kumatetsu som ein erstatningsfar, og meiner forholdet mellom Kyuta og menneska og skapningane rundt han er hjartet i filmen. Skribenten er meir begeistra enn eg, men det er ein fin måte å sjå gjennom det kjende treningsmønsteret på. Begge treng noko den andre kan gi, utover det å lære å slåst.
Bakemono no Ko er veldig fin å sjå på. I byrjinga tykker eg at filmen er litt tynn, men mot slutten har han satt seg så godt at eg er i tvil om korleis eg skal rangere han. Animasjonen er imponerande. Dei humoristiske stundene og dei detaljerte omgivnadane var bra. Historia var nok litt føreseieleg og uoriginal, men gjennomføringa så god at eg kunne nyte denne filmen.
