Litt kunstfilm i studiesamanheng. Ikkje til å bli forveksla med filmkunst. Denne korte greia av Fernand Legér og Dudley Murphy blei brukt som trusselmiddel for studentar som ikkje hadde lyst å møte opp på øvingar. Det var den gongen øvingar var obligatorisk i universitetsfaget med namnet estetisk kommunikasjon. Dette påpeika forelesaren vår på universitetet.
Eg synst ikkje dette var det verste, men det var takka vere at me vart vist ein versjon med musikk av George Antheil til. Og filmen var seinka til normal fart. Det er i utgangspunktet snakk om ein drøss med stillbilde i rørsle, for å seie det på fint, altså 20 minuttar med usamanhengande inntrykk. Ei prøve i tolmod for mange. Sjølv kjem eg nok aldri til å sjå dette igjen, for spesielt spennande var det ikkje, men eg kjem til å hugse den påtrengande pianomusikken som veldig stemningsskapande og det absurde i bilde som litt komisk oppi alt.
Ut i frå alt pensumet eg har lese omkring filmen kunne eg skrive mykje rart, og mykje kjedeleg her, men eg gir meg. Eg reknar ikkje med nokon andre har interesse av å vite om ein sånn film heller. For min eigen del er dette eit avslutta kapittel no.