
Balls Out
Balls Out er ein useriøs sportskomedie som siktar høgt, og fell pladask. Miljøet for handlinga er college og ein internliga for amerikansk fotball. Det som blir prøvd her er å skape ein underdog-film med sjølvinnsikt.
Eg har sett nok av collegekomediar til å forvente lite. Balls Out er eit vonbrot likevel. Det er mangelen på humor til å le av som er utslagsgivande. Eg kanskje ikkje komme på ei scene eg lo av. Oppbygginga, dei tekniske kvalitetane og andre forventa ingrediensar er strengt tatt på plass. Men det gjer kanskje det svake manuset endå tydelegare, og gjer at filmen heller ikkje er underhaldande dårleg.
Nick Prigge på Slant Magazine (slantmagazine.com) meiner parodien ofte blir for oppteken av å vise at han veit kva han parodierer. Samtidig finn han eit godt poeng i at den store kampen eigentleg ikkje betyr så mykje. Eg ser potensialet i dette, men kjem ikkje forbi at vitsane ikkje får meg til å le. Sjølvinnsikt er ikkje nok når filmen likevel blir så lik oppskrifta han prøver å leike med.
Sjølv om forventningane var låge trudde eg at dette skulle bli ein heilt annan type film. Ein film som handla meir om rare folk og utanforståande enn ein straumlinjeforma collegesportskomedie.
